Navigasjon: Bestill tur » Leiligheiter » Tyrkia » Om Tyrkia

Om Tyrkia



Eit magisk land. Eit eventyrland der aust møter vest. Historias første menneske busette seg her. Nokre vart fascinert av det krystallklare havet som fra tidas morgon hadde vaska sandkorna mjuke og reine. Andre vart grepne av fjella sin  storslagne villskap som vakta dei frodige, grøne dalane.

Tyrkia er framleis det litt løyndomsfulle landet der Europa og Asia smeltar saman i ein blanding av velkjent og eksotisk. Og der to verdsdeler og to eldgamle kulturar vert foreina av felles historie og mytar. Ei reise gjennom Tyrkia er som å bla i ei fantastisk historie- eller fabelbok. Side opp og side ned fortel om eventyrlege vikingtokter til Istanbul, brutale invasjonar, eller Trojas fall for den episke helten Akilles i Homers Illiaden. Ja, Tyrkia har alltid vore eit samlingspunkt for keisarar, poetar, filosofar, sultanar og gudar. Og spora etter dei er framleis å finne for den som leitar.