Navigasjon: Bestill tur » Leiligheiter » Tyrkia » Om Alanya

Om Alanya - området kva leilegheiten ligg



Fyrst litt historie - året er 37 f.Kr. den svært amorøse keisar Antonius ønska å skjenke si elska dronning, Kleopatra den vakraste bryllupsgåva han kunne tenke seg. Men kva kunne han gje for å imponere denne skjønne kvinna som allerede hadde alt? - Jo, han ga ho Alanya!

Og den flotte Kleopatra-stranda, oppkalla etter dronninga, ligg der framleis – som eit stille vitne om ein av dei mest kjente kjærleikserklæringingane i historien.

Eit anna mektig syn i hjerta av byen er Calanoros-festningen som ruvar på toppen av fjellet som alltid har kjenneteikna Alanya. Palasset med den beskyttande borga rundt dreiar raskt tankane mot gammal storheitstid og mektige sultanar. I dag framstår området som ein symbiose av gamalt og nytt, med mange pittoreske kaféar og hyggelege restauranter langs den smale vegen opp mot festningen.

Vår leiligheit ligg i Alanya ca 5 km aust for sentrum i  området Tosmur/Oba. Alanya er ca. 1,5 time fra flyplassen i Antalya. Vi har avtale om hente/levere teneste på flyplassen slik at du blir køyrt direkte til reisemålet. Alanya har ca 150.000 fastbuande og aukar til det doble i feriesesongen.