Navigasjon: Bestill tur » Leiligheiter » Bulgaria » Om Ravda

Om Ravda - området



Ravda ligg ca 20 minutts køyring nordover fra Burgas. Her har me avtale om hente/bringe- teneste på flyplassen. Denne vert automatisk bestillt saman  med reisa. Burgas er en moderne storby med ca 300.000 fastbuande.

Ravda Sun Sea Resort (SSR1) har ein flott plassering. Sør-aust er det ca. 150 meter til en fin sandstrand. Nordaustover er det ca. 2 km. til Nessebar, gamle Nessebar og Sunny Beach.

Leilegheita ligg i landsbyen Ravda, ca. 300 meter nord for sentrum.

I Ravda finn ein eit stort utvalg i restaurantar, pubar, barar, coctailbarar, etc. Næreste restaurant ligger 100 meter vekke. I Ravda er det også daglegvare-, kle-, souvenir-, frukt- og grønnsaksbutikkar, internettkafear, apotek, taxiholdeplass, legesenter, postkontor, etc. I landsbyen står også eit tivoli. 

Stort nytt badeland ( største i Bulgaria ) vart sett i drift  sommaren 2006 og utvida med fleire attraksjonar i 2010. Ravda er ein fin landsby i sterk vekst. Her er store innslag av Bulgararar, både som fastbuande og også som turistar. Ravda er roleg og veldig familie/barne-vennleg. Dersom ein ønskjer meir internasjonale miljø er Nessebar og enda meir Sunny Beach gode alternativ. Sunny Beach er som alle andre "syden-maskinar" prega av full fart og eit hektisk natteliv. Der er ei veldig flott, velorganisert og strigla strand. Sunny Beach ligg rett nord for Nessebar i grei taxi-avstand ( 80 kr med taxi ) eller ein kan bruke rimlegare rutebussar.

Turistsesongen i Ravda er noko kortare enn i Nessebar og Sunny Beach. Ravda har høgsesong i perioden primo juni til medio september.

Ravda Sun Sea Resort ligg ca. 20 minutts køyring fra Burgas flyplass. Direktefly går fra Gardermoen, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flytida er i overkant 3 timer.

Norwegian har direkteflygninger til Burgas. Alternativ flyplass er Varna, som ligger ca. 1,5 times kjøring unna (nordover).

Området Ravda — Nessebar — Sunny Beach er et sammenhengande turisteldorado, der Ravda Sun Sea Resort er plassert i det rolegaste området. Totalt er det ferdig 130 leiligheter på anlegget som har 3 oppvarma  basseng og 2 bassengbarar. Det er under lanlegging vidare utbygging av anlegget). Leilegheitene har gjennomgåande høg standard. Området er i sterk vekst og infrastruktur og utbygging ellers har løfta Ravda til å bli ein koseleg og sjarmerande småby - der alt er innanfor rekkevidde".